Pallplass til alle

Vi sendte to unge deltakarar som knapt har konkurrert utanfor Sogn og fjordane til NM på austlandet og får begge to på pallen i recurve rekrutt hhv. jenter og gutar. Ein skal jo alltid vere optimist, men den sunnfjordske realismen er snar om å hente deg ned på jorda. Likevel, desse flotte ungdommane tok heim med kvar si medalje. Meir enn det er det vanskelig å ønskje seg, og ein skal slett ikkje forvente det.

GRATULERER så mykje med sølv til Victoria Selvik, bronse til Jan Tomkiewicz, og all heder til trenar Frank Eide som har stått timesvis bak dei for å få dei viktige detaljane på plass. Tusen takk for fenomenal innsats! God tur heim over fjellet.

Foto: Tormod Roth, Vigra IL/Region Nordvest