Alt klart til NM på heimebane

Gløym Hurtigruta, Bergensbanen og Lars Monsen!
Denne helga kan du enten tilbringe i Førdehuset og sjå god bogeskyting live og i ekte 3D, eller du kan klikke deg over på Youtube og få med deg alt som skjer likevel.

Det er gratis inngang i Førdehuset, og der kan du også få med deg ein heimelaga og handlaga maskot heim for berre 50-lappen. Han er litt forknytt, men heng godt med.

 

God tur og velkommen til Førde

Bildecollage Velkommen til NMI mange månader, faktisk eit par år, har vi tenkt på og forberedt oss på at bogeskyttarar frå heile landet ein dag skal komme til oss i Førde og til NM i Førdehuset. No er dei på veg, og vi er så klare som vi kan bli.

Torsdag morgon 4. april overtar vi regien i idrettshallen og festsalen, og i løpet av ein dag skal det bli ein flott arena for store og små bogeskyttarar. Vi skal legge forholda så godt til rette for gode prestasjonar og sann idrettsglede enten du er rekrutt eller 50+, om du skyt med sikte og stabilisatorar eller du synest det er best utan.

351 utøvarar er meldt på frå 53 klubbar. Nokon har nett kjøpt sin første boge, andre vært i OL. Og for første gong skal eit NM overførast direkte på nett-TV. No kan dei heime sjå kva som skjer i hallen mens det skjer, og du som er i hallen kan vinke heim. I tre dagar skal topp og breidde i norsk bogeskyting møtast i vår eiga storstove. Blir det heimesiger? Blir det ny verdsrekord? Det er fullt mogleg. Moroa startar fredag kl. 14 og på søndag ettermiddag er det avgjort. Dette blir spanande!