Takk til dei gode hjelparane

Ei kjem langt med god tru på eigne krefter og entusiasme, men det hjelper veldig mykje å ha gode hjelparar. Om ei drøy veke tar vi kontroll over Førdehuset for å stelle i stand til NM innandørs. Vi kan arrangere bogeskyttarstemne i Førde. Det har vi gjort mange gonger og veit kva som skal til. Men ein nasjonale meisterskap er noko meir. Det tek lenger tid, krev meir plass og så vil vi gjerne pynte kaka litt. Det er då vi treng hjelp.

Og hjelp har vi fått, frå forbundet, frå naboklubbar og ikkje minst frå mykje av det spanande næringslivet i og omkring Førde. Dei har ytt oss både økonomisk og praktisk hjelp.  Ta ein titt på sponsorsida vår! Det er desse bedrftene som i tillegg til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har løfta arrangementet vår opp og fram. Vi rettar ein stor takk til alle saman og oppmoder alle til å støtte dei. Dei har støtta oss. Dette hadde vi ikkje greid om verda berre besto av nettbutikkar.

Berit Randi blei meister i «feil» region

Berit Randi med gullmedalje og premieBerit Randi Alden-Håøy vann laurdag klasse recurve damer senior under region-meisterskapen for Midtnorge på Vigra. Under kvalifiseringsrunden med 60 piler på 18 meters avstand vann ho med meir enn hundre poeng. Difor var det inga stor overrasking at ho sidan tok heim gullet i finalematchen som avgjorde kampen om meistertittelen. Motstandaren var frå Sverresborg bueskytterklubb i Trondheim.

Berit Randi er opphaveleg frå Stryn, men bur i Eikefjord og skyt no for Førde bogeskyttarklubb. Det var òg andre frå fylket som gjorde det skarpt i same stemne. Jan Ove Hogrenning frå Loen vann klassen recurve herrar senior. I denne klassen kapra i tillegg Vidar Kvalheim frå Ytre Nordfjord buskyttere 4. plassen.

Det var i alt påmeldt 63 deltakarar til stemnet. Dette var eit opent meisterskap med deltakarar frå Trøndelag til Sunnfjord, noko som forklarar korleis deltakarar frå Sunn- og Nordjord kan bli regionmeistrar for Midtnorge. Om tre veker, 5. til 7. april er det klart for NM innandørs bogeskyting i Førdehuset med Førde bogeskyttarklubb som arrangør. Då stiller Berit Randi saman med 22 andre frå same klubb på skytelina i kamp om gull og kongepokal.

Vil du vere med på NM?

Når ein skal halde stort selskap og ventar masse gjester til gards, trengs det mange hjelpsomme hender. Difor inviterar vi førdianarane med på feiringa. Vi treng dugnadshjelp både fredag, lørdag og søndag 5. – 7. april til store og små oppgåver.  Det kan vere alt  fra å henge opp resultatlister og halde Førdehuset ryddig til å vere med å klargjere konkurransearenaen for ei ny pulje skyttarar.

Du treng ikkje vite noko om bogeskyting for å melde deg. Du får all opplæring og informasjon du treng. Har du lyst, har du lov, og du melder deg på ved å fylle ut skjemaet vi har laga. Så tar vi kontakt med deg.